Miljøvennlig innkjøp og materialbruk
Som eit ledd i sertifiseringa skal HIM sende brev til alle sine leverandører og til verksemder me har avtalar med. I brevet blie dei oppmoda til å fokusere på moglegheit for å auke miljøinnsatsen på følgjande område:
- Levere varer og tjenester som gir lågast mogleg belasting på miljøet.
- Dokumentere miljøvennlig drift innan aktuelle område for verksemda, til dømes transport, varesortiment, arbeidsmiljø, energiforbruk, avfall og utslepp.
- Så langt som råd er levere produkt med anerkjent miljømerking, slik som Svanen, Debio, EU-blomsten, Bra miljøvalg og miljødeklarerte byggevarer i henhold til ISO TR 14025, og/eller velge produkt som tilfredsstiller tilsvarende miljøkrav.
- Dersom miljøvennlig innkjøp vert hindra grunna kjedetilknyting, rår me til at de bidrar til endring av kjeden sin policy.
- Ved anskaffelsar vektlegg me at vara me får ikkje er over-/feilemballert.
Dersom verksemda ikkje er miljøsertifisert, oppmodar HIM dei til å bli det!
HIM tek miljøet på alvor. Me har inngått samarbeid med lokalforeininga Grønn Hverdag for å få best mogleg rettleiing fram mot målet: Miljøfyrtårnverksemd.
Våre hovedgrunnar til å bli Miljøfyrtårnverksemd:
Omsynet til miljø skal vera styrande med høgt ambisjonsnivå.
- Me vil bidra til mindre belasting på naturen
- Me vil gå føre som eit godt eksempel for andre verksemder
- Me vil framstå med ein tydeleg miljøprofil
- Erfaring viser at Miljøfyrtårn-verksemder sparer driftsutgifter
- Ved eit forsterka fokus på arbeidsmiljø vil dette føra til eit betra arbeidsmiljø for dei tilsette.